Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 107–108

2.6.6

Døme på annonsar som er i strid med «svartelista», sjå forskrifta om urimeleg handelspraksis:

Villeiande handelspraksis

  • hevde at eit produkt er offentleg godkjent utan at dette er tilfelle
  • skape inntrykk av at ei yting kan seljast lovleg når ho ikkje kan det
  • gi inntrykk av rettar som forbrukarar har etter norsk lov er ein særleg eigenskap
  • samanblanding av redaksjonelt stoff og annonsar for å fremje sal av yting
  • annonsere opphøyrssal eller flytting av verksemda når dette ikkje er tilfelle

Aggressiv handelspraksis

  • dørseljarar som er særleg påtrengjande og pressar seg inn
  • skape inntrykk av at forbrukaren ikkje kan forlate lokalet før avtale er inngått
  • gjentekne og uønskte førespurnader per telefon, e-post eller andre fjernmedium
  • oppmode barn til å kjøpe annonserte ytingar eller overtale foreldra …
  • gateseljarar som kjem etter deg på gata og opptrer truande

2.6.7

(Opplysninga i oppgåveteksten om heimel skal vere § 6(5), ikkje § 6(4) som det står i det første opplaget av boka.)

Annonsen blir vurdert ut frå reglane i marknadsføringslova frå 2009 fordi saka gjeld kontroll med marknadsføring og handelspraksis mellom forbrukar og næringsdrivande, sjå §§ 1 og 4.

I marknadsføringslova § 7(1) står det at ein handelspraksis overfor forbrukarar er villeiande dersom han «inneholder uriktige opplysninger…». I dette tilfellet er det snakk om bruk av rabattmarknadsføring som har stor påverknadskraft på gjennomsnittsforbrukaren. Dersom det ligg føre ei samanlikning med rettleiande prisar som ikkje er reell, er dette eigna til å påverke forbrukarane til å ta ei økonomisk avgjerd som dei elles ikkje ville ha teke.

I dette tilfellet er det snakk om villeiande prismarknadsføring som er ramma av marknadsføringslova § 7(1) fordi bedrifta samanlikna prisane sine med rettleiande prisar utan å kunne dokumentere nokre av dei oppgitte samanlikningsprisane. Vidare viste det seg at garderobane normalt ikkje vart selde til rettleiande prisar. Dette viser at omsetninga ikkje går føre seg til ein reell før-pris, det vil seie til rettleiande pris. Derfor ligg det i dette tilfellet føre eit brot på marknadsføringslova § 7 (1).

Du finn meir om saka på www.forbrukerombudet.no.

2.6.8

Annonsen blir vurdert ut frå reglane i marknadsføringslova frå 2009 fordi saka gjeld kontroll med marknadsføring og handelspraksis mellom forbrukar og næringsdrivande, sjå §§ 1 og 4.

Rettsspørsmålet gjeld eit eventuelt brot på marknadsføringslova § 7(1), jf. § 6(4), sjå (1). Det handlar om manglande opplysning om før-prisar ved prisnedsetjing, samanlikning med før-prisar utan at selskapet kan leggje fram dokumentasjon for at før-prisane er reelle, og samanlikning med rettleiande prisar utan at det kan sannsynleggjerast at dei rettleiande prisane er reelle alternative prisar i marknaden.

Etter Forbrukarombodets syn ligg det føre villeiande marknadsføring etter marknadsføringslova § 7(1). Annonsen er eigna til å påverke forbrukarane til å ta ei økonomisk avgjerd som dei elles ikkje ville ha teke, jf. § 7(2). Vidare er marknadsføringa i strid med forskrifta om urimeleg handelspraksis § 1 nr. 15. Forbrukarombodet meinte at marknadsføringstiltaka var urimelege, og konkluderte med at det låg føre ein forboden handelspraksis, jf. § 6(4).

Du finn meir om saka på www.forbrukerombudet.no.

2.6.9

Læraren har løysingsforslag

2.6.10

Læraren har løysingsforslag

2.6.11

Læraren har løysingsforslag